onsdag 4. juli 2012

Å gjere det vanskelig...

... for meg sjølv er eg ganske god på...
Eg ville ha gardinene HELT fra tak til golv, då måtte dei skreddersys ;)

Eg håper å kunne smitte litt sy-glede over på deg som ikkje har sydd sia du fekk symaskinsertifikat,
så her kjem ein framgangsmåte (som sikkert ikkje hadde blitt godkjent på husmorskulen i 1970) på å sy gardiner: 

1. Vask og tørk stoffet du skal bruke før du begynner å sy. Så slepp du at gardina blir for kort etterpå!
2. Stryk stoffet (skikkelig).
3.  Sikk-sakk oppe og nede (eg hoppa visst over dette steget ;)
4. Brett ned kanten som skal vere oppe. 
Sy nedbretten fast. Bruk enden av syfoten som guide langs stoffkanten, så får du ei bein sømlinje.
5. Sy fast rynkebåndet (mål først ut kor det må festast for at gardina skal rekke i taket)
Eg valgte å sy det helt fast, med 4 sømmer: 

Her ser du at eg bomma på høgda, og måtte ta opp igjen, derfor 2 sømmer oppå kvarandre...


6. Fest krokane i gardina. Eg ville ha store folder, helt til golvet. 
Derfor har eg 7 mellomrom mellom krokane.
(Du kan og bruke rynketråden som er fast i bandet. Då får du rynker istedet for folder i gardina...)
7. Heng opp gardina, og sjekk lengden. Merk med nåler eller kritt. Ta ned gardina og legg stoffet flatt før du klipper. Husk sømrom nede! Sy nederkanten. (eller bruk vlieselin)
8. Ferdig! :)

Eg valgte "Kvartal" gardinstang fra Ikea. Den hadde tak-feste, og såg passe moderne ut ;)



No skal eg prøve meg på liftgardiner. Framgangsmåte kjem viss det blir vellykka ;)



5 kommentarer:

Related Posts with Thumbnails