onsdag 26. september 2012

Nytt stovebord



Vårt avlange stovebord passa ikkje inn i den nye stova, så då måtte me bytte. 
Eg liker Driftwood borda fra Rivièra godt, men 90 x 90 vart for lite...
Eg var heldig og fant brukande bein på Ebay, så laga Stian resten :)

 
Stian in action...
Me fekk lov å stjele gamle låvebord fra pappa, du ser kanskje dei som mangler? :)
 
 
 130 x 110 cm = Perfekt :)
Plass til pynt òg ein kaffikopp eller to...



Veeldig fornøyd :)


tirsdag 25. september 2012

Bildelist


Eg har endelig begynt å henge ting på veggane :)
Syns alltid det er vanskelig å begynne, men når dei første spikrane er komt i er det liksom greit...
Det første som kom opp var ett loppiskupp; ei side fra ein bilderamme brukt som bildelist.
Eg har fyllt den med gamle familebilder, tavle, ett arva englebilde, ei fin ramme og pappa sitt første bilskilt. 




onsdag 19. september 2012

Litt reklame...

Den siste måneden har eg bakt lavkarbo kaker for Proteinfabrikken. 
Serien heiter Easy-Living og alt er fritt for sukker og hvetemel!
Oppskriftene kan du sjå HER viss du vil :)


Du kan trygt sei eg er lei av kaker, og det er nok alle på jobb og ;)


 









Det blir nok litt meir (lavkarbo) bakst, men heldigvis har me fått ferdig litt småplukk her heime sånn at 
eg har litt interiør å blogge om på denne interiør-bloggen ;)


søndag 9. september 2012

Sengegavl






Viss du har lyst å vite korleis den er laga kjem det her...
Du treng: 

Tjukk trefiber plate, evt. kryssfinèr. 
Skumgummimadrass, den må være så tjukk som du ønsker at knappane skal ligge djupt.

Eg lagde knappane først: 
(kjøpte dei HER)



Kjøp spraylim og fest madrassa på plata. Den kan godt stikke 1 cm utenfor.
Mål opp ønska mellomrom på knappane. Eg begynte 15 cm fra toppen, og har 20 cm mellomrom.

Legg ein linjal mellom avmerkingane du har laga, og merk av kor midtknappane skal vere.
Legg gavlen på 4 stoler e.l. med skumgummisida opp. Slik at du har tilgang til begge sider av gavlen.
Bor hol gjennom plata  (ca. 8 mm stort) på kvart kryss du har merka. Det er viktig at du borer beint ned, ikkje på skrå...

Så begynner den kjedeligste delen...  Du må dra vekk uønska skumgummi. 
Dette er nødvendig for at resultatet skal bli fint!
Nederst (mot plata) må holet vere stort nok til at knappen kan ligge flatt imot, 
mens øverst må holet vere ca. 10 cm bredt. OBS! Dette tar laaang tid...

Så kan du endelig begynne på den gøye delen ;)
Eg brukte ett kvitt fleecepledd fra Jysk (20,-) til underlag, så brukte eg tjukk lin over. 
Pass på at du har nok stoff på sidene slik at det kan festast på baksida.

Stikk ein grillspydpinne fra baksida og opp gjennom stoffa. Press stoffet ned mot pinnen slik at det blir lettare å treffe holet når du fjerner pinnen. Knyt ein solid tråd fast i knappen, og tre nåla gjennom holet fra framsida av gavlen. Her er det lettast å vere to. Den eine presser knappen ned fra oppsida, mens den andre fester tråden på baksida av gavlen... 

Eg brukte stiftepistol, og sikk-sakka tråden mens eg stifta her og der. 
Glømte å ta bilde, så det blir ei fin tegning istedet ;)

Ikkje dra stoffet hardt når du skal feste neste knapp. Det kan ligge litt laust.
Begynn med den midterste knappen, og fortsett nedover midten. 
Så tar du dei 3 tverr linjene (dei første eg tegna)
Jobb deg utover, men ta knappane som danner kryssa til slutt. 
Her vil du sjå at stoffet bretter seg og lager dei fine kryssa :)
Eg måtte hjelpe til litt, sånn at alle brettane ligg rett vei...

Så er det berre til å feste på kroker på baksida og henge den opp bak senga :)


Håper du likte den!


Related Posts with Thumbnails