mandag 30. juli 2012

Kjøkkenet er ferdig!



Endelig har hyllene komt opp, og kjøkkenet kan kallast: 
FERDIG! :)





For 1 år siden såg det slik ut: 




fredag 20. juli 2012

Planlegger 1 årsdag

Eg har ferie!
Luksus å sove lenge, og bruke goood tid på planlegging av bursdagen til Jakob.
Temaet blir bondegård... Eg har meldt meg frivillig til å ta ansvar for kakebordet ;)

Litt inspirasjon: 




Blå gelè med gule babyender på blir det ihvertfall ;)









Eg husker dessverre ikkje kor eg stjal dette bildet, men veit at det var ein norsk blogg!
Syns det er ein enkel, men genial ide! :)


Her er ein blogg du virkelig kan hente bursdagsinspirasjon fra!
Berre sjå "kakebordet" over! :)



onsdag 11. juli 2012

Ka trur du?

Me har støpt pyntehjørner i gips... Forma er kjøpt HER.
Gipsen er limt opp på gjesterommet, og er fuga og malt...



Er usikker på om me skal ha det i dei andre romma og...?
(lat som du ikkje ser malertapen, den skal vekk etter me har malt siste strøk på listene i kveld :)




mandag 9. juli 2012

Heimelaga

Lampe :)
Eg følte meg skikkelig handy når eg kobla til taklampa på gjesterommet !



Lampeskjerm fra Rivièra Maison HER
Lyspære Clas Ohlson HER
Lampe Ikea HER

Eg hekla først ett nett rundt lyspæra av ståltråd (med åpning sånn at den kan tas av når pæra ryk)
Så sydde eg på perler med nål og tråd.
- Ja, dette tok lang tid ;)






Eg ser at den ikkje heng helt beint, det burde vel fiksast,
 men ellers er eg veldig fornøyd! :)





fredag 6. juli 2012

Fronter & Fonter



Eg har (endelig) laga lappane som skal stå i håndtaka på kjøkkenfrontane.
Er fremdeles ikkje helt fornøyd med font'en på skrifta, men eg fant kun nesten den som eg ville ha :)



Veit du forresten at man kan laste ned skrifttyper (gratis)?
Desse vil då fungere i alle tekst-programma du har på PC'en.

Det finns mange gratissider for font'er (google-søk: free fonts) 

Viss du er usikker på korleis du får dei til å virke: 

* Velg font type. Trykk på download knappen under teksttypen.
* Då skal det komme opp ei .zip mappe nede på skjermen. Åpne denne viss det ikkje skjer automatisk.
* Klikk på "pakk ut alle filer" og velg at de skal leggast på skrivebordet. 
* Klikk på: Start - Data - C: - Windows - Fonts. Her ligger alle skrifttypene du allerede har. 
* Gå tilbake til skrivebordet og velg den fila du lasta ned som heiter "TrueType" skriftfil. 
Klipp den ut, og lim inn i Fonts mappa du åpna i forrige steg.

(Man kan pakke ut tekstfilene direkte i Fonts mappa, men då fungerer dei ikkje hos meg...) 

No skal den nye teksttypen vere lagt til. Enjoy :)


God helg!



onsdag 4. juli 2012

Å gjere det vanskelig...

... for meg sjølv er eg ganske god på...
Eg ville ha gardinene HELT fra tak til golv, då måtte dei skreddersys ;)

Eg håper å kunne smitte litt sy-glede over på deg som ikkje har sydd sia du fekk symaskinsertifikat,
så her kjem ein framgangsmåte (som sikkert ikkje hadde blitt godkjent på husmorskulen i 1970) på å sy gardiner: 

1. Vask og tørk stoffet du skal bruke før du begynner å sy. Så slepp du at gardina blir for kort etterpå!
2. Stryk stoffet (skikkelig).
3.  Sikk-sakk oppe og nede (eg hoppa visst over dette steget ;)
4. Brett ned kanten som skal vere oppe. 
Sy nedbretten fast. Bruk enden av syfoten som guide langs stoffkanten, så får du ei bein sømlinje.
5. Sy fast rynkebåndet (mål først ut kor det må festast for at gardina skal rekke i taket)
Eg valgte å sy det helt fast, med 4 sømmer: 

Her ser du at eg bomma på høgda, og måtte ta opp igjen, derfor 2 sømmer oppå kvarandre...


6. Fest krokane i gardina. Eg ville ha store folder, helt til golvet. 
Derfor har eg 7 mellomrom mellom krokane.
(Du kan og bruke rynketråden som er fast i bandet. Då får du rynker istedet for folder i gardina...)
7. Heng opp gardina, og sjekk lengden. Merk med nåler eller kritt. Ta ned gardina og legg stoffet flatt før du klipper. Husk sømrom nede! Sy nederkanten. (eller bruk vlieselin)
8. Ferdig! :)

Eg valgte "Kvartal" gardinstang fra Ikea. Den hadde tak-feste, og såg passe moderne ut ;)



No skal eg prøve meg på liftgardiner. Framgangsmåte kjem viss det blir vellykka ;)



Related Posts with Thumbnails