torsdag 30. september 2010

Loppis-skatter

Vil du sjå ka eg fant på loppis i helga?  :)


Litt gal, men eg syns den var kjempefin :) For 10 kroner kunne eg ikkje gå fra den...

Fin del av ei gammal ramme. 35,- Den skal bli endel av ein sengehimmel, trur eg ;)

Sukker & Fløte sett, supersøte, 20,- :)

Elsker loppis! Men syns det er helt utrulig korleis somme folk tar av...  Ødelegger litt av gleden når du blir skubba heile tia, og "vaktene" må rope "Ikkje noe løping!!" til voksne folk... Litt pinlig egentlig... 

Håper du får ein fin dag, no stikk eg på jobb :)

mandag 27. september 2010

Genialt :)

(bildene er henta herfra

Har du og problemer med å få plass til skoa dine? 
Jenna Lyon er ei smart dame som har fiksa problemet; berre snu den eine skoen!
Føler meg litt dum som ikkje har tenkt på det før... 
Ho har nok endel fleire par enn meg, men spart plass blir det jo uansett ;)

Sånn får du jo sjå skoa bakfra og :) 
Akkurat mine er ikkje så masse å sjå på bakfra, Bergens-brostein & tynne hæler er ein dårlig match...

Elsker når ting er sortert etter farger...

Tenk å ha walk-in closet med plass til alt; klær, sko, tilogmed sofa... 
Walk-in er herved ført på lista over ting me skal ha på neste oppussingsprosjekt ;)

God natt :)

torsdag 23. september 2010

Puff

Har visst blitt reine søm-bloggen dette her :) Har fått sy-ånden over meg i det siste ;)


Sydde meg ein bløtkake puff/stor pute igår :D
Skulle vel helst vert litt høgare når det skal vere ein puff, men eg tenkte å lage ein til som kan ligge under...


Har du lyst å vite korleis den er laga? :)
Håper det, for her kjem det : 


Eg bruke ei gammal skumgummi sofapute. Denne former du lett med ein vanlig kniv.
Eg brukte 2 rundinger av vanlig bomullslerret, og chiffon til rynkedelen oppå.
Til sidestykke brukte eg lerret med chiffon oppå.

Sett trådspenninga på symaskina på max/min og sy langs begge langsidene av chiffon stoffet.
No kan du dytte stoffet innover tråden, og lage rynkete stoff. 
Rynk det til, så det passer yttersirkelen og sy det fast (med vanlige sting)
Innersirkelen må jo sjølvsagt lagast mindre ;)

Etterpå klippa eg ut ein passande stor runding til midten, sydde på ett biseband.
Denne "lappen" må du sy på for hand, med "usynlige" sting ;)
Eg passa på å sy ned i lerretsstoffet under, så heng alt godt på plass.

No er det klart for sida av puffen. Legg den med retta mot retta av toppen, og sy langs kanten.
Når du har komt rundt syr du den sammen i enden.
No kan du sy på glidelåsen i sidekanten, og underdelen.
Husk å feste den med nåler først, for å sjekke at du har satt den i rett vei! Retta mot retta, og sy på baksida ;)



Puh! Var ikkje enkelt å forklare dette, men håper at bildene hjalp til litt :D


Samboeren syns den var for "fin" til å ha beina på, så der forsvant halve poenget!
Men men, den pynter no fint likevel ;)

Ha ein fin kveld !

tirsdag 21. september 2010

Enkel brodering med symaskin

God kveld :)

Tenkte eg skulle vise korleis du enkelt kan brodere tekst på tekstiler, uten å ha superfancy symaskin!


Eg begynte med å stryke på strykemerket, det pleier å følge med bruksanvisning på sånne, 
men det er veldig lett, berre pass på å ikkje få bobler i bildet... 


Så skreiv eg teksten på Pc'en, og la putetrekket oppå. Skriv (forsiktig) med ein tynn svart penn. 
Ikkje sprittusj! Det kan gå skikkelig gale :D

Så tar du av sømfoten på maskina, så du står igjen med kun nåla. 
Du treng ikkje stille inn trådspenning e.l. Berre pass på at du har ganske små sting.
No begynner den farlige delen... Siden du har tatt av foten som styrer stoffet, må du styre det sjølv. 
Du bør bruke ein broderingsring, som du fester rundt motivet som skal broderast. 
Det har ikkje eg tid til, så då strammer eg og styrer stoffet med hendene. 
Husk å sy litt fram og tilbake når du begynner og slutter, ellers rakner det opp igjen.

OBS! Vær forsiktig med kor du har fingrane. 
Å sitte igjen med tråden gjennom fingeren istedet for gjennom stoffet er ikkje å anbefale! :D


Enkelt sant? Syns det er ein fin måte å sy på monogram o.l. på det du måtte ønske :)
Du får sjølvsagt ikkje samme effekten som håndbroderte fyllte bokstaver, men bruker ikkje lang tid heller...

Håper du får ein fin kveld! :)

søndag 19. september 2010

Bursdagsgave

Eg var i 25-årsdag igår. (Litt redusert idag ja ;)
Tenkte eg kunne vise presangen min. Var fornøyd med den, både eg sjølv, og ho som fekk den heldigvis :)

Lysfat med steiner og egendekorerte lys :)


Etasjefat, med sukkerbomber. Kunne jo ikkje gi ett tomt fat heller... :)


"Hund" eller sjokoladeklump, som alle andre trudde det var...


Hjerter, blomster og katt :)

Og pute. Tenkte å vise korleis eg lagde denne i morgen, i tilfelle du er interressert? :)

Ønsker deg ein fiiiin kveld!

torsdag 16. september 2010

Kjekt å ha:

Matbod / skafferi :)

Viss du planlegg oppussing, eller bygger nytt vil eg absolutt anbefale å lage plass til matbod.
Det er genialt! :)
For å utfylle krava som er til nybygg idag, må ei leilighet ha minst 3 m2. innebod, og 5 m2. sports/ute bod. 
Me valde å bygge ca 1,7 m2 matbod med dør inn på kjøkkenet, og 1,5 m2. garderobe vegg i vegg, tilsammen ca 3 kvadratmeter... 
Eg har raskt skissa litt i Paint:
Vakkert, ikkje sant? ;)

Når du bygger og bur på kun 70 kvadrat, sånn som me gjer, må man utnytte plassen godt ;)




Litt "realitetsblogging" her...
Ekstra kjøleskap til drikke ;)


Håper eg har klart å overbevise nåken no :D

God natt til deg fra meg :)

tirsdag 14. september 2010

Takk mamma :)

Mamma kom heim fra ferie idag, og måtte som vanlig ha med smågaver!
Ny, gammeldags vekkerklokke og gamle hansker fra loppis i Belgia :)
Hanskane blir gjerne ikkje brukt så masse, men dei var veldig fine uansett!








Ikkje misfornøyd akkurat ;)

Takk for at du stakk innom! 
(Både mamma og bloggleser :D )

lørdag 11. september 2010

Litt fra jobben...

God morgen :)
Me har fått så masse fint på jobben! Tenkte å vise litt bilder fra igår...
Til vanlig syns eg Black Design har for masse knallfarger,
men no har me masse anna og. Eg kunne faktisk lage ei utstilling med kun ting eg liker ;)












No må eg springe på jobb!
Håper du får ei super helg :)
Related Posts with Thumbnails