Eg var på skattejakt i kjelleren heime i påska... Det lønna seg ;)
Har leita etter servise siden nye leiligheten var ferdig i november, men har ikkje funne ett eg liker ennå...
Under masse gammalt skrot og støv stod det 12 tallerkener, 10 suppeskåler, 2 små og 2 store skåler og venta på meg! Flaks ;) Merka med Stavanger flint.
Etter ein tur i oppvaskmaskina blei dei kjempefine :D
No står dei trygt i kjøkkenskapet ;)
Fant og ein fin, mørk grønn Hansa kasse. Hansa Mineral står det på den.
Rusta og hakkete, akkurat sånn eg liker.
Veit ikkje helt ka eg skal bruke den til, tar gjerne imot tips ;)