lørdag 13. november 2010

Julemesse del 3

 
Igår var eg og ei venninne på loppistur til Voss, koselig :)
Me besøkte Patina på Evanger, og Brukt'n på Voss.
Brukt'n var mykje større enn eg hadde trudd! Flaks ;) dei hadde det skikkelig rotete, sånn som me liker!
Glømte selvfølgelig kameraet, ellers skulle eg vist det :)

Fant desse fine rustne lysklypene, ett par gamle julekuler, og litt anna smånips, veldig fornøyd med turen! 



Idag har eg sydd litt meir til julemessa. Blei ett lite barneforkle med loppisblonder :)
Brukte bomullstoff av gamle gardiner, så skal det gå greit å vaske det...


Lagde halsstropp med knapphol, så kan det justerast litt i lengden...


Takk for besøket, håper du får ein fiiin lørdagskveld! :)

tirsdag 9. november 2010

Lykkedag ♥

 
Ihvertfall litt...
Eg har gått og sett på "mose"grodde urner på Mestergrønn, men syns dei var litt dyre
siden eg helst ville ha fleire like...  Men idag var dei komt på 70 % salg :D
I tillegg hadde dei endelig fått inn kvite svibler, til 15,- pr stk. Perfekt ;)


Eg har allerede planta svibler i urna, og pynta med litt mose og nips ;)


 Fin TV me har ikkje sant? :/

Ha ein fin kveld :)

mandag 8. november 2010

Julemesse del 2


Verdens enklaste tøffeloppskrift? :)
Kjemperaske å strikke, og dei blir alltid fine :D


Eg bruker Safir garn fra SparKjøp (ca 10,- pr nøste)
Du strikker ruter i 4 forsjellige farger, 
viss du skal lage til baby (som eg har gjort) strikker du 10 x 10 masker i kvar farge. 
Voksen (dame) størrelse er ca 20 x 20 masker. 
Pass på at fargane du velger kjem på samme plass som i "mønsteret" under: 
Ellers blir dei ikkje symetriske :)

1. Strikk alle rutene. 
2. Her er tøffelen ferdig strikka, og eg har begynt å brette den. Dei to stripete rosa rutene legg du oppå kvarandre. Så blir den kvite ruta som er mellom dei bretta, og blir til hælen på tøffelen. No må du brette den neste ruta (brun) oppigjen sånn at det ligg som på bildet. 


3. Legg dei to lyserosa rutene mot kvarandre.
4. Brett den siste brune ruta ned igjen. Sånn at den blir på undersida av tøffelen.
No må du sy sammen alt, sånn som det ligg.

5. Då blir det ca. sånn :)

6. Eg hekla på ein brun kant oppe, men her kan du gjere som du vil :)

Så tover du dei i vaskemaskina, eg pleier å vaske på 90 grader, då blir dei tjukke og varme :)
Eg sydde på små "diamanter" etterpå. 

Tenkte å strikke fleire i forsjellige farger og selge dei på Julemessa ...
Ville du kjøpt dei? Blir veldig glad for tilbakemeldinger, 
kjedelig å strikke mange par viss det kun er meg som syns dei er fine :D

fredag 5. november 2010

Julemesse del 1


Eg blei spurt om eg ville vere med å lage julemesse, med kun heimelaga ting.
Selvfølgelig ville eg det! Har såvidt starta med "produksjonen" :)
Eg har pimpa doruller. Inspirert av Jeanne D'Arc Living og andre bloggere :)




Fekk du og Lev Landlig bladet igår?
På side 83 var det oppskrift av kjempefristande karameller :D
Tenkte å lage karameller til julemessa, og måtte jo sjekke om dette var ei brukande oppskrift ;)
Men ser at det er litt feil i den..?
Det står 1 dl mandel og smør i ingrediens lista, men det står ikkje i framgangsmåten...
Eg glømte det uansett, og karamellane blei kjempegode uten og!


Oppskrifta i Lev Landlig inneholdt: 
2 dl lys sirup
2 dl sukker
2 dl fløyte
1 ss smør
(+ 1 dl mandel, som ikkje er nevnt meir)
Sjokolade (masse, mørk, lys eller begge :)
Maldon salt
Eg kokte den i nesten 1,5 time, men på veldig svak varme.

Melkesjokolade, med karamell i midten. Dryss gjerne litt Maldon salt over karamellen, det var supergodt!

Håper du får ei fin helg :)
Ikveld blir det strikking og hjortebiff, i morgen; julebord med jobben, så det lover godt for mi helg ;)

onsdag 3. november 2010

Den første julegaven

One down, six to go! 
Eg har aldri begynt på gavene så tidlig før, pleier alltid å bli litt i siste liten, men no prøver eg nåke nytt ;)
Har brodert ein stor A på ett (fint) kjøkkenhåndkle. 
Eg tør nok ikkje vise det til broderi-proffer, men syns resultatet blei meir enn godt nok :)
Eg broderte A'en først, med vanlig broderitråd som eg delte i 2 så det blei 3 tråder. 
Begynte i midten nede, så var eg sikker på det ikkje blei skeivt på håndkleet.

Så sydde eg på litt loppis-blonde nede...

No håper eg berre A... som skal få den liker den!
Og ja, eg skal huske å stryke den først mamma :D

Viss du fekk lyst å prøve sjøl så fant eg bokstavane HER.
Det tok ikkje altfor lang tid, og var veldig gøy :)
 

Ønsker deg ein fin kveld :)

tirsdag 2. november 2010

November utfordring NIB



Eg har prøvd i 2 dager å ta bilder av stova vår, men det e så grått ute, og helt umulig å ta bilder her inne...
Så eg legg ut ein god mix av stove-bilder eg har blogga før :)



Legg med ett bilde av korleis stova vår såg ut for ca. 1 år siden...
Masse god ved her ja :D

søndag 31. oktober 2010

Helgas loppisfunn

 Ett raskt innlegg fra meg, med bilder av helgas loppisfunn :)
Lampe og masse gamle blonde, veldig fornøyd!

Fant ikkje lampeskjerm som passa, men då kan eg jo leite etter det neste gang ;)
Er usikker på om eg skal spraye lampa, eller berre ha den sånn?
Ka syns du? :)

fredag 29. oktober 2010

Bambi

 Eg tok meg ein kosedag idag...
Riviera Maison, Panduro og Kremmerhuset fekk besøk av meg :)


Kjøpte denne supersøte Bambi'en på Kremmerhuset, til 59,-
Perfekt til jul ;)





Kremmerhuset hadde masse fint! Kjempefine "Ulve"puter og pledd. Desse er ikkje helt nye, men dei nyaste supersøte kaffikoppane hadde selvfølgelig ikkje komt ut på nettsida ennå, så eg får ikkje vist dei ... :/ 
Sant dei var fine? :)
Håper du får ein fin kveld! Her hos oss fortsett ihvertfall kose-dagen :D
Related Posts with Thumbnails