Viser innlegg med etiketten Julemesse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julemesse. Vis alle innlegg

onsdag 1. desember 2010

Julemesse del 6

Ser du ka det e?

Eg har sydd puter til julemessa som er i helga :)


Sydde ei som er litt meir julete og :


Men eg likte "postkort" puta best :)


Viss du likte den kan du berre gi meg ein lyd, så syr eg ei til deg og ;)

Håper du får ein fin dag! No blir det rett på jobb for min del...

fredag 26. november 2010

Julemesse del 5


Eg har laga juletrepynt av gamle, flatbanka sandkakeformer, små gamle julekuler, perler og prismer :)





Likte du dei? :)
Veldig enkle å lage, du treng kun litt ståltråd og pyntebånd i tillegg...

Ønsker deg ei god helg! :)

mandag 15. november 2010

Julemesse del 4


Begynner å bli endel julemesse innlegg no!
Håper ikkje de e gått lei ? :(


Lagde ei veldig enkel vimpelrekke igår, 
 samboeren syns den var så fin at den blir nok hengande her i jula ;)
Den var gøy å lage, så det blir nok endel fleire :D


Eg klippa ut 2 trekanter, og sydde dei sammen (retta mot retta)
Vrengte den, og strauk den flat og fin med strykejernet. 
Valgte å gjere det veldig enkelt å kun klippe kanten oppe, og festa vimplane til snøret med mini klesklyper.
( Tenkte etterpå at no kan dei brukast som kremmerhus og... ;)


Skreiv GOD JUL på små manilla merker, og festa dei mellom vimplane....

Likte du skrifta du og? Limer det inn her i tilfelle ja :)
Eg syns den var veldig "julete" ;)


Håper du får ein fin mandag, no stikk eg ein tur på jobb!

PS! Alt stoffet + snøret er kjøpt hos IKEA :)

lørdag 13. november 2010

Julemesse del 3

 
Igår var eg og ei venninne på loppistur til Voss, koselig :)
Me besøkte Patina på Evanger, og Brukt'n på Voss.
Brukt'n var mykje større enn eg hadde trudd! Flaks ;) dei hadde det skikkelig rotete, sånn som me liker!
Glømte selvfølgelig kameraet, ellers skulle eg vist det :)

Fant desse fine rustne lysklypene, ett par gamle julekuler, og litt anna smånips, veldig fornøyd med turen! 



Idag har eg sydd litt meir til julemessa. Blei ett lite barneforkle med loppisblonder :)
Brukte bomullstoff av gamle gardiner, så skal det gå greit å vaske det...


Lagde halsstropp med knapphol, så kan det justerast litt i lengden...


Takk for besøket, håper du får ein fiiin lørdagskveld! :)

mandag 8. november 2010

Julemesse del 2


Verdens enklaste tøffeloppskrift? :)
Kjemperaske å strikke, og dei blir alltid fine :D


Eg bruker Safir garn fra SparKjøp (ca 10,- pr nøste)
Du strikker ruter i 4 forsjellige farger, 
viss du skal lage til baby (som eg har gjort) strikker du 10 x 10 masker i kvar farge. 
Voksen (dame) størrelse er ca 20 x 20 masker. 
Pass på at fargane du velger kjem på samme plass som i "mønsteret" under: 
Ellers blir dei ikkje symetriske :)

1. Strikk alle rutene. 
2. Her er tøffelen ferdig strikka, og eg har begynt å brette den. Dei to stripete rosa rutene legg du oppå kvarandre. Så blir den kvite ruta som er mellom dei bretta, og blir til hælen på tøffelen. No må du brette den neste ruta (brun) oppigjen sånn at det ligg som på bildet. 


3. Legg dei to lyserosa rutene mot kvarandre.
4. Brett den siste brune ruta ned igjen. Sånn at den blir på undersida av tøffelen.
No må du sy sammen alt, sånn som det ligg.

5. Då blir det ca. sånn :)

6. Eg hekla på ein brun kant oppe, men her kan du gjere som du vil :)

Så tover du dei i vaskemaskina, eg pleier å vaske på 90 grader, då blir dei tjukke og varme :)
Eg sydde på små "diamanter" etterpå. 

Tenkte å strikke fleire i forsjellige farger og selge dei på Julemessa ...
Ville du kjøpt dei? Blir veldig glad for tilbakemeldinger, 
kjedelig å strikke mange par viss det kun er meg som syns dei er fine :D

fredag 5. november 2010

Julemesse del 1


Eg blei spurt om eg ville vere med å lage julemesse, med kun heimelaga ting.
Selvfølgelig ville eg det! Har såvidt starta med "produksjonen" :)
Eg har pimpa doruller. Inspirert av Jeanne D'Arc Living og andre bloggere :)




Fekk du og Lev Landlig bladet igår?
På side 83 var det oppskrift av kjempefristande karameller :D
Tenkte å lage karameller til julemessa, og måtte jo sjekke om dette var ei brukande oppskrift ;)
Men ser at det er litt feil i den..?
Det står 1 dl mandel og smør i ingrediens lista, men det står ikkje i framgangsmåten...
Eg glømte det uansett, og karamellane blei kjempegode uten og!


Oppskrifta i Lev Landlig inneholdt: 
2 dl lys sirup
2 dl sukker
2 dl fløyte
1 ss smør
(+ 1 dl mandel, som ikkje er nevnt meir)
Sjokolade (masse, mørk, lys eller begge :)
Maldon salt
Eg kokte den i nesten 1,5 time, men på veldig svak varme.

Melkesjokolade, med karamell i midten. Dryss gjerne litt Maldon salt over karamellen, det var supergodt!

Håper du får ei fin helg :)
Ikveld blir det strikking og hjortebiff, i morgen; julebord med jobben, så det lover godt for mi helg ;)
Related Posts with Thumbnails